Tilkallingsvikarar til barnehagar og skular at Volda kommune


Barnehagar og skular har behov for tilkallingsvikarar. I barnehagane har vi behov for vikarar i avdelingane og i skulane har vi behov for lærarar og assistentar.
Tilkallingsvikarar
Avtale som tilkallingsvikar inneber at Hareid kommune tek kontakt med deg ved behov for midlertidig tilsetjing, jf AML § 14-9. Tilkalling skjer etter behov når vi har fråvere på grunn av sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold. Som tilkallingsvikar har du ikkje rett til å bli tilboden arbeid, du har heller ikkje plikt til å ta på deg arbeid som vi har gitt tilbod om. Dei enkelte vaktene vert avtala mellom tilkallingsvikaren og einingsleiaren.
Hareid kommune har arbeidsgjevaransvar for deg frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. I arbeidstida er du omfatta av pensjons- og forsikringsordningane til kommunen.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærarar, lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, assistentar og eventuelt studentar innan desse fagfelta.
Ved tilsetting er det krav om godkjend politiattest. Som tilsett må du signere fråsegn om tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Du må ha evne til god kommunikasjon, samarbeid, stabilitet og fleksibilitet og personleg engasjement.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidar og ein arbeidsplass der vi ønskjer å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre brukarar.

Generelt

Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønskjer deg velkomen som søkjar i Hareid kommune. Om vi ved eit seinare høve annonserer ledige stillingar som du er interessert i, må du sende oss ein ny søknad sjølv om du tidlegare har vist oss interesse ved å sende oss ein generell søknad eller er tilkallingsvikar.
Løn og arbeidsvilkår er etter det som til ei kvar tid gjeld i lover og avtaleverk. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju etter nærare avtale. Til intervju tek du med vitnemål og attestar. Ver vennleg og gje opp minst to referansar.
Som søkjar kan du be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette i søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet skal offentleggjerast. Du blir varsla dersom ønskjet om unntak ikkje blir tatt til følgje.

Remember to mention that you found this position on NMBU CareerGate